» Avansert søk
DEL: | | Tips en venn

Epler i Hardanger

Klima og jordsmonn i Hardanger er godt egna for dyrking av eple og gir eple med spesielle eigenskapar. Kalde vintre sikrar rik blomstring kvart år.

Kjøleg klima og mykje lys i vekstsesongen gir eple med frisk og syrleg smak pga høgt innhald av smakskarakteristiske fruktsyrer, bl.a. spesielt mykje C-vitamin, samtidig som det varme og solrike klimaet om sommaren gir søt smak på epla. Dei kjølegare nettene om hausten gir og auka syre- og sukkermengd rett før hausting, i tillegg til at dei gir epla den tiltalande raude farga. Ei god balanse mellom syre- og sukkerinnhald kjenneteiknar eple dyrka i Hardanger.

 

I Hardanger er det mykje skredjord, som er djup og varm og lett gjennomtrengeleg for vatn. Dette i kombinasjon med mykje nedbør gir gode vekstvilkår for eple. For å oppnå god kvalitet på epla er kunnskapar om forholdet mellom eplesort og vekseplass viktig. Epledyrkarane i Hardanger har gjennom den lange tradisjonen med epledyrking opparbeida seg slike kunnskapar.

 

Historikk
Eple har blitt dyrka i Hardanger sidan rundt år 1300, og har sidan vore ein viktig del av produksjonen på gardane i området. Sortsutvalet har heile tida vore i utvikling.

Kunnskapen om epledyrking kom til Hardanger med engelske munkar som først kom til Lysekloster i 1146, og sidan til Hardanger og garden Opedal i Ullensvang truleg før år 1300. Dei engelske munkane hadde stor interesse for hagebruk, bl.a. epledyrking og poding. I gamle skiftebrev frå midten av 1300-talet og utover nemnast ofte epplagard/apalgard. Dette kan tyde på at det i Hardanger ble dyrka eple for sal så tidleg som siste halvdel av 1300-talet.



Munkane vart drive bort fra Opedal under reformasjonen i 1536-37. Saman med munkane forsvann og kunsten å pode, og i perioden som kom vart det bare dyrka små rotekte eple. Først i andre halvdel av 1700-talet og utover på 1800-talet tok epledyrkinga seg opp igjen, da prester og andre "skolelærde menn" innførte nye eplesortar og lærte bøndene å pode.

Den lange tradisjonen Hardanger har som fruktdyrkingsområde viser seg i ei rekke forhold, bl.a. at det så tidleg som på slutten av 1800-talet fantes mange planteskolar i Hardanger, at dei i 1899 fikk sin første herredsgartnar som ga rådgiving bl.a. om epledyrking nokre veker om våren og hausten, og at dei i perioden 1900-1950 vant mange prisar på fruktutstillingar i Oslo. Men det verkelege oppsvinget for dyrking av eple i Hardanger kom i 1930 åra, med etableringen av to fagskolar som skapte stor interesse og entusiasme for fruktdyrkingsfaget.



Oppskrifter

  • Krydderkokte epler

    Krydderkokte epler

    Lag gjerne dobbel porsjon og ha dessert i to dager. Eplene holder seg i flere dager når de ligger i laken og oppbevares i kjøleskap. Og smaken blir... Les mer

  • Eplekake

    Eplekake

    Et lunt stykke eplekake med kald vaniljeis eller pisket krem til er definitivt et av høstens høydepunkter. Bak flere og putt i fryseren. Les mer

  • Eplechutney

    Eplechutney

    Lag noen glass med eplechutney til oppbevaring utover høsten og vinteren. Eplechutney er et fast og godt følge f.eks. til vilt. Les mer

  • Eplesmuldrepai

    Eplesmuldrepai

    En velsmakende smuldrepai med epler blir kakebordets vinner. Server den med vaniljesaus eller pisket krem til. Les mer

  • Grovbrød med eple, nøtter og ruccula

    Grovbrød med eple og ruccula

    En brødskive behøver ikke å lesses ned med ost eller kjøttpålegg. Her har vi brukt epleskiver sammen med litt nøtt... Les mer

Filmer

Leksikon

  • Eple

    Stekte eplebåter med løk og karri er godt som middagstilbehør

    + Se alle tips

Artikler

Materiell