Hopp til innhold

Skattebøl barnehage

Skrevet av: Skattebøl barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Rapport frå Skattebøl barnehage I dei siste åra har vi brukt fruktsalat som bursdagsmat, i staden for kake og vafler som tidlegare. Vi bruker vatn som tørstedrikke, og serverer lettmjølk til hovudmåltidet. Til måltidet serverer vi rikeleg med frukt og grønsaker, delt opp i små skiver/bitar. Vi serverer mange slag, mot tidlegare då vi hadde eit slag pr.dag. Desse "fruktfata" er lette å sende rundt ved bordet, og blir sett på som "snadderfat". Eit fat kan bestå av til dømes epleskiver, appelsinskiver, druer, cherrytomat, agurkskiver, paprikabiter og mais. På "matdagane" som vi har ein gong i veka, er det ofte servering av grove rundstykke og masse sunt pålegg. 13.mai 2008 Grete T. hagen, styrar