Hopp til innhold

Regnbogen Natur og kultur barnehage

Skrevet av: Regnbogen Natur og kultur barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Regnbogen Natur- og Kulturbarnehage er ein barnehage med 68 born og 17 vaksne. Me ligg midt i den flotte naturen på Voss i Hordaland. Me i Regnbogen er opptekne av å vidareføre kultur og tradisjonar til borna i barnehagen. Så på uteplassen vår har me vår eigen kjøkkenhage der me ” haustar det me sår”. Reddikar, isbergsalat, gulrot, rips, solbær, sukkererter, poteter og jordbær er noko av det me avlar fram. Borna er veldig opptekne av prosessen som skjer frå det vert sett ned eit frø, til me faktisk et det me har avla fram! Med tilgang til eit gardsbruk, der me har høner og kanin, har me og fått tilgang på rips og rabarbra, som me nyttar. Me vidarefører tradisjonsmat, i tillegg til å få i oss frukt og bær. Me serverer alle måltid i barnehagen; frukost, lunsj og eit frukt og grønt- måltid. Me er så heldige å ha eige kokke på kjøkkenet, som passar på at det alltid ”bugnar” av frukt og grønt ved alle måltid. Sjølv om kokka lagar mat til oss, er me òg veldig flinke å laga mat sjølve. Borna elskar å få vera med på matlaging, og me tryllar fram dei flottaste rettar! Alt frå gratinert blomkål , gode salatar, fruktsalatar, rabarbrasuppe, smoothie, til grønnsaksuppe, vert laga av små barnehender, med god hjelp frå ei større hand. Alle dei tilsette i barnehagen har no tatt MER-testen, og har lært mykje av den. Spanande og kjekt å få nye ”inputs” når det gjeld korleis frukt og grønt kan brukast i ein barnhagekvardag. Sjølv om me heile tida har vore opptekne av å ete mykje frukt og grønt, har me no endå meir fokus på det etter MER-kurset.