Hopp til innhold

Prestmarka barnehage

Skrevet av: Prestmarka barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Me serverer kvart måltid med frukt og eller grønt. Samstundes oppmodar me borna til å prøve ulike typar frukt / grønt. Me prøver og å variere og presentere nye typar og eksotiske typar som dei får høve til å smake på. Mange av borna er flinke til å prøve, medan andre vel helst det trygge. Me har hatt fruktfest med fruktspyd som borna sjølv har vore med å laga, og me har servert blanda juice med frukt i som forfriskande drikke. Foreldra er informert om at me prøver å jobbe med sunne haldningar ved å servere frukt og grønt til måltida, og at me prøver å unngå å servere sukkerinnhaldege produkt.