Hopp til innhold

Raundalen Barnehage

Skrevet av: Raundalen Barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Raundalen Barnehage: Raundalen Barnehage serverer tre måltid kvar dag, som alle inneheld enten frukt eller grønsaker. Frukost vår er havregryn eller brødmat med forskjellege oppskorne grønsaker som paprika, tomatar, agurk. Får og tilbod om oppskorne eple på skiva. Lunsjen som er hovudmåltidet vårt er mykje lik frukosten, brødmat med pålegg. Til alle måltid vert det servert oppskorne paprika/agurk/tomat, samt fisk. Ein gong i veka har me varm lunsj og då serverar me grønsaksuppe, heimelaga blomkålsuppe /tomatsuppe. Fiskepai med mykje grønsaker. Elles er barna vorte veldig glade i «skattekister» som består av fisk, poteter, mais, blomkål, løk, paprika, gulrot. Fruktmåltidet får barna i Raundalen Barnehage frukt, bær eller grønsaker. Som ein av personalet samen med eit barn har skore opp og lagt opp flott på eit fat. Barna får og tilbud om knekkebrød med ost, for nokre av barna er det lenge til neste måltid, heime Ved fødselsdagar får barna tilbod om blant anna fruktbowle, grov pizza eller grove vaffelkaker. Er me på tur tar me ofte med oss bålpanna og lagar «skattekister», men elles har me med oss frukt eller grønsaker, som gulrot kålrot, eple. , Barnehagen har lage sin eigen grønsakhage der me dyrkar poteter, gulrot, løk, purreløk, sukkererter og peppermynt (som me lager te av) På alle personalmøter og foreldremøter serverer me fint oppskore frukt og grønsaker. Alle foreldre er og informert om at barnehagen har meldt seg på 5 om dagen barnehage. På grunn av ein delsjukdom har diverre ikkje personalet fått tatt e- læringskurset, så utfordringa vår blir at alle får tatt kurset. Elles vil me halde fram på den vegen me har starta, med mykje frukt og grønsaker i kvardagen.