Hopp til innhold

Valen barnehage as

Skrevet av: Valen barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Valen barnehage blei ein 5 om dagen barnehage i august. I Løpet av hausten har me flytta inn i ein ny barnehage der alle måltid er inkludert. Til frukost og lunsj har avdelingane alltid frukt og grønt på bordet. Dei varierer mellom agurk, paprika, tomat, banan, eple og druer. Middagsmåltidet har alltid grønnsaker som eit tillegg. Til frukt varierer me mellom eple, banan, mandarin, druer, appelsin og ulike grønnskare som gulrot, kålrot, blomkål, broccoli. Me varierer frå veke til veke slik at barna blir presentert for ulike typer frukt og grønnskare. Når me skal "flotte" oss litt har me og bær, blåbær, bringebær og jordbær. På foreldremøte i haust informerte me om kva ein 5 om dagen barnehage er og avdelingane fortalte korleis dei praktiserer dette på avdelingane. Me hadde og ein diskusjon angående barnebursdag på foreldremøte. Me blei einige om å ha sunne alternativ som bursdagsmeny. Da har foreldre med ingredienser til smoothie, fruktsalat med youghurt og andre alternativ. Dette året har me i Valen barnehage Kropp, rørsle og helse som satsingsområde. 5 om dagen blir fletta inn i satsingsområdet vårt på ein positiv måte. Nokre av måla for Kropp, rørsle og helse er:Barn som kjenner til sunt kosthald. Barn som skil mellom kvardagsmat og festmat. Barn med kjennskap til mat knytt til årstider. Me er så heldige at me får hauste plommer og epler i ein frukthage eigd av sjukehuset her. Barna får vera med i heile prosessen frå å plukka frukta til å lage mat av den. Barna har fått utdelt bøkene om Mons og Mona og dei er flittige til å bruke memory spillet. Me i Valen barnehage er glade for at me er blitt ein 5 om dagen barnehage og er blitt meir bevisst på sunt kosthald og det å ha frukt og grønt tilgjenelig for barna.