Hopp til innhold

Modnen barnehage

Skrevet av: Modnen barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Takkar så mykje for inspirasjonspakken frå Opplysningskontoret for frukt og grønt, som me mottok i veke 46. sidan me no er i desember, har me valt å dela ut Mons og Mona bøkene og foreldrebrosjyren på nyåret. Me vil då ha større fokus på grønt og frukt, og henga opp dei fine plakatane med gode og klåre bilete. Elles hadde me tema innhausting i august/september. Me er så heldige å få vera med ein bonde å setja poteter om våren, og me var med å tok opp poteter i haust. Me laga potetstappe og seinare suppe til haustfesten. I samband med haustfesten og suppelaging hadde me fokus på fleire grønsaker som kålrot, gulrot, løk, purre o.sv. I barnehagen har me nokre gamle epletre og ripsbuskar. Me sår tomat frø som barna får med seg heim, og nokre som me plantar ut i barnehagen. Me har høve til å hausta inn plommer , pære og eple. Epla strimlar me opp med ein epleskrellar og heng dei til turk. Så legg me dei turka eplebitane på glas, som borna får ta med seg heim til jul. ”Eppletyggis” kallar dei det. Me har vore i skogen å henta sopp, og me har plukka tytebær som me har rørt. Me har teke i bruk lottospelet. Det har klåre og fine bilete, og barna likar å spela det. Helsing Storestova, avdeling med 9 barn, 2-3 åringar.