Hopp til innhold

Lonevåg barnehage

Skrevet av: Lonevåg barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Me har fokus på sunn mat og oppfordrar borna til å forsyne seg av tomat, agurk, paprika og salatblad som står på bordet til frukost og smørelunsj kvar dag. Me har i haust tilbydd meir rå grønsaker til både frukost og lunsj, som gulrot og kålrabi i tillegg til dei me hadde frå før. Me tilbyr også ofte epleskiver, druer eller banan som pålegg. Når avdelingane er på tur har dei ofte frukt, særleg eplebitar eller banan med seg som pausemat. Ein dag for veka lagar me varm lunsj, då er det alltid ein eller fleire grønsaker som ein del av måltidet. Kvar ettermiddag er det fruktmåltid på alle avdelingane. Då deler me opp ulike frukter, som banan, eple, pære, appelsin, druer som borna får velje mellom, ofte har me også gulerot, kålrabi eller blomkål på fruktfatet. Stundom har me også melon, ananas, kiwi,rosiner eller andre frukter som er meir sesongbasert. Me er så heldige at me har 2 store epletre i barnehagen. Desse får borna klatre i og finne seg epler, me plukkar og lagar eplekake / pai, og me har laga eplemos. Grønsaksuppe er populær mat i barnehagen. Borna får vere med å skrelle og dele opp grønsakene, og synes det er veldig godt å ete den når den er ferdig. Mons og Mona bøkene er delt ut saman med informasjonsmateriell til foreldra. Dei store flotte plakatane er hengt opp på alle avdelingar, og borna likar godt å sjå på desse og snakke om det dei ser. særleg er dei meir ukjente fruktene og grønsakene spennande. Me har valgt å ikkje ha fokus på mat i samband med gebursdagsfeiring, men heller ha fokus på barnet denne dagen. E-læringskurset er sendt vidare til alle avdelingane.