Hopp til innhold

Rabben barnehage

Skrevet av: Rabben barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Vi er ein 5 avdelings barnehage, med 74 barn dette året. I vår barnehage har kvar avdeling smøremåltid 1 dag i veka. På smøremåltidsdagane har vi grovt brød eller rundstykke med variert pålegg. På påleggsfata er det alltid oppdelt agurk, paprika og tomater. Av og til har vi også ruccolasalat og reddikar. Vi serverer alltid minst tre sortar, ofte fleire, fiskepålegg t.d. makrell i tomat, røykelaks, fiskekaker, fiskepinnar, crabsticks, kaviar eller peppermakrell. Ca 1 gong i månaden serverer vi varm mat på smøremåltidet, som alltid inkluderer grønsaker. Dei andre dagane har barna med seg nistemat heimanfrå. Vi oppfordrar foreldra til å sende med sunne alternativ i nisteboksen, og barna pleier ha med seg litt frukt eller grønsaker i nisteboksen, gjerne også yoghurt. Fruktstund har vi på alle avdelingar kl 14 kvar dag. Då får barna oppdelt frukt og grønsaker på fat, der dei kan velje kva dei vil ha. På småbarnsavdelingane får barna kvar si skål med variert oppdelt frukt og grønsaker. Vi kjøper frukt rett frå leverandør og får frisk frukt levert kvar måndag med dei fruktsortane som er aktuelle for årstida. Vi har ein liten kjøkkenhage i barnehagen, der vi dyrkar jordbær, poteter og gulrøter, dette et vi på smøremåltid og i fruktstundene. Kristin Opedal Styrarassistent Rabben barnehage