Hopp til innhold

Kaland barnehage

Skrevet av: Kaland barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Måltid: Vi serverer frukt/grønt til alle måltida våre. Vi har 3 måltid om dagen; frukost og lunsj er smøremåltid. I tillegg har vi fruktmåltid kl 14. Det vi serverer varierar frå avdeling til avdeling. Men det er alltid tilgang på agurk, paprika og tomat. I tillegg blir det gjerne servert både hovudsalat, banan, eple og pære mm til smøremåltida. Avdelingane lagar og varmt måltid innimellom, alt frå grønsakssuppe til pizza. Og det er stor stas å lage mat ute. I haust har mange av avdelingane laga fiskepakkar i grua. Fiskepakkane inneheld bl.a fisk, mais, paprika, gulerøter mm. I sommarbarnehagen hadde vi ei heil veke der vi bl.a serverte grilla grønsaker, fruktspyd, gulerotdag, frukt smoothie mm. Ei spanande veke med mange nye smakar. 5-års klubben har eiga matgruppe der dei skal lage ulike matrettar gjennom året. Borna lærer å håndtere reiskap av ulikt slag og dei får oppleve mange spanande rettar (ho som har matgruppa har deltatt på norsk smakskule sitt kurs). I tillegg til dette deltek vi og på fiskesprell. Vi ynsker å setje fokus på eit sunt og variert kosthald. I heile oktober har vi Forut aksjon, dette året er det Nepal det er fokus på. Her går det mykje i ris og grønsaker av ulikt slag (brokkoli, blomkål, linser mm). Vi er akkurat no inne i ein diskusjon om vi burde byrje å lage brød sjølv, enkelte dagar. Vi har no kutta ut t.d kneipbrød og erstatta dette med grovare brødsortar. Bursdagar: for over 10 år sidan slutta vi med mat tilknytta til bursdagar. Vi set fokus på bornet i staden. Vi lagar krone, heng ut flagg og bilete av kven som har bursdag, vi syng, seier fine ting til bursdagsbarnet og dei får trekkje ein ting frå bursdagskorga. Borna syns dette er stor stas! Foreldre har fått ut brosjyrer og matoppskrifter. Og vi oppmodar dei til å prøve ut oppskrifter heime! Bildet er frå 5-årsklubben si matgruppe.