Hopp til innhold

Bulken barnehage

Skrevet av: Bulken barnehage | Sist oppdatert 24.02.2016 | Publisert 24.02.2016

Me i Bulken barnehage har denne hausten hatt eit større fokus på frukt og grønt. Kvar dag kl 14.30 serverer me frukt i barnehagen, dette har me gjort lenge. Det som er nytt no, er at me alltid har nokre grønsaker i lag med frukta. Nokre dagar har me også hatt grønsaker med dip i staden for dette fruktmåltidet. Til alle smøremåltid i barnehagen vert det servert agurk, paprika og tomat. Nokre dagar har me også litt salat dei kan legge på skivene. Når me lagar varmmat no har me eit større fokus på å lage alt frå botnen, og barna tek ivrig del i dette arbeidet. Me har no bytta ut potetstappe frå pose med potetskrelling og stauking. Me har også eit fokus på at til alle varmmåltid me lagar skal me også servera grønsaker. Ved bursdagsfeiring kan barna velge eit godt fruktmåltid eller anna varmmat. Foreldra vart på foreldremøte i haust informert om at me er ein 5om dagen barnehage, og alle tykkjer dette er bra! Me ser også at i matboksane barna har med seg til frukost er det stort sett grønsaker/frukt hjå alle i tillegg til skivene. I kjøkenhagen vå kunne me i haust hausta inn salat, reddik og grasløk. Til våren skal me planta grønsaker i kjøkkenhagen vår att, då vert det poteter, grasløk og sukkererter. I tillegg har me jordbærplantar, rips og rabarbra som me kan hausta inn. Me kan også gå til naboen og plukka epler, dette er veldig moro!