Hopp til innhold

Nordbygdo FUS Barnehage, avdeling Tyse

Skrevet av: Nordbygdo FUS barnehage AS avdeling Tyse | Sist oppdatert 24.02.2016 | Publisert 24.02.2016

I vår barnehage har me frukt eller grønsaker kvar dag klokka 14.00. Me har varm mat ein dag i veka, der grønsaker er ein sentral del av måltidet: eksempel: wok, torsk på grønsaksseng, pastasalat eller tomatsuppe med egg, fullkornpasta og grønsaker oppi. Me nytter av og til frosne grønsaksblandingar. Men som oftast nytter me ferske grønsaker. I vår barnehage har me frukt eller grønsaker til alle måltid. Når me har skjevemåltid er det også eit mål at borna skal få tilbod om ei agurksbnei, ein paprikabit, drue eller liknande. Når det er bursdag kan borna sjøv velge mellom fruktsalat, smoothie eller fruktspyd. Dette har vore svært populært. Foreldre har fått godt med informasjon om kostholdrutinane våre. Både igjennom foreldremøter, mail, dokumentasjon frå kvardagen og brosjyrar om 5 om dagen. Me har også reflektert rundt våre holdingar til kosthold i pedagog-møter, med foreldre og avdelingsvis.