Hopp til innhold

Årskog barnehage

Skrevet av: Årskog barnehage | Sist oppdatert 24.02.2016 | Publisert 24.02.2016

Me har eit fast frukt/grønnsaksmåltid kvar dag. Me har snakka med foreldre på foreldremøtet om å ha med sunn mat til bursdagsfeiring, dei har vore delaktige å sett opp liste med sunne alternativ. Me har hatt mykje smoothi. Barna har fått Mons og Mona bøker som overraskelse i fredagsboksen vår, me har hengt opp plakatane som me snakkar om i samlingar og elles. Nokre i personalet har gjennomført e-kurset, men me håpar på at alle skal få moglegheit til det etter jul. Me har og levert ut informasjon til foreldra. Veldig kjekt materiell.