Hopp til innhold

SKOLLEBAKKEN BARNEHAGE

Skrevet av: SKOLLEBAKKEN BARNEHAGE | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

SKOLLEBAKKEN BARNEHAGE MER - BARNEHAGE ! Heisan her kjem ein liten rapport frå oss i Skollebakken barnehage: Vi starta «Mer» prosjektet vårt i vinter. Det gjekk over 2 månader. Der vi jobba med kosthold. Barna jobba med bilder frå blad og aviser, laga collage, og snakka om frukt og grønt og reduksjon av sukker. Vi hadde og tenner som tema og enda opp med Karius og Baktus teater. Der dei vaksne i barnehagen var Karius og Baktus m.m. Ved måltida hadde vi frukt og grønt fint delt opp og lett tilgjengeleg for barna. Det var gøy å sjå korleis barna velde ut smakskombinasjonar til pålegg. Vi hadde og foreldremøte der vi inviterte inn helsesøster og tannpleiar. Foreldra var samde om at vi skulle kutte ned på søtsakene og bruke meir frukt og grønt. Foreldra ønska mindre søtesaker på bursdagar. Ei avdeling har og begynt med tannpuss etter frukost som resultat av møtet. Vi ser no at når barna får tilbod om frukt og grønt ved måltida så er det fleire som prøver seg på nye smakar. Men vi har enkelte som enno ikkje vil smake, for som dei seier :» dei likar ikkje. Vi ser og at personalet var flinkare til å setje fram og tilby frukt og grønsaker . Barna sine bursdagar har no innslag av fruktspidd, fruktpinnesvin og fruktfat og mindre sukker.