Hopp til innhold

Grønmyr Barnehage Holstad

Skrevet av: Grønmyr Barnehage Holstad | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Barnehagen vår serverer alle måltida i løpet av dagen. Foreldra har ikkje med mat, heller ikkje til bursdagsfeiring. Borna får to varme lunchar i veka. Borna får frukt og grønsaker kvar dag i barnehagen. Vi har har laga oss åker i barnehagen der borna skal vere med og så frø, stelle, vatne og hauste grønsakene sine. Det trur vi kan vere med på å lære dei korleis vi får grønsaker, for det er ikkje mange som har åker heime idag. At borna sjølve er med på heile prosessen gjer det nok også litt meir spennande å prøve og smake på ting dei ikkje kjenner til frå før. Vi har starta på dette og det er veldig populært! Når det gjeld bursdagsfeiring så har vi ikkje hatt mat som ein del av denne. I løpet av hausten kjem vi til å sette dette iverk etter ideane vi har fått på frukt.no. Samstundes skal personalet gjennomføre e-læringskurset. Kommunene på Ytre Sunnmøre har eit samarbeider når det gjeld barnehagar. Der skal vi arbeide med utviklingsarbeid dette barnehageåret, og temaet vi har valgt er mat og rørsle. Dette passar veldig godt inn i det arbeidet vi allereie har starta. Foreldra skal få informasjon om dette i årsplan, månadsbrev frå avdelingane, informasjonsskriv frå dagleg leiar og på foreldremøte i haust.