Hopp til innhold

Grønmyr Barnehage Myklebust

Skrevet av: Grønmyr Barnehage Myklebust | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Vi server alle måltid i barnehagen, frukost, lunsj og ettermiddagsmåltid. Vi har varm mat ca 2 gongar i veka. Vi prøver alltid å servere oppkutta grønsaker og frukt til måltida. Mange barn vil ikkje ha, men vi oppfordrar alle til å smake før dei seier at dei ikkje likar det. Vi har heile tida prøvd å servere sunn mat, men har vorte ekstra bevisste på det etter at vi tok E-læringskurset. Alle pedagogane har teke kurset, og assistentane vil ta det no framover. Ved bursdagsfeiring i barnehagen har dei fleste avdelingane ein meny dei går etter. Borna får bestemme kva dei skal lage til lunsj den dagen, det kan vere alt frå grove rundstykker, fruktfat eller middagsrettar. Vi har prøvd å servere eksotiske frukt og smoothies med stor suksess. På jonsokafta hadde vi fruktfest for heile barnehagen, personalet laga fruktspyd som gjekk unna som varmt kveitebrød. Dette barnehageåret skal vår barnehage saman med dei andre barnehagane i Herøy og nabokommunane starte eit utviklingsarbeid med ulike tema. Vi har valgt Mat og Rørsle, så MER-satsinga er midt i blinken for oss. Foreldra har fått informasjon om dette i årsplanen og informasjonsskriv frå dagleg leiar, vi vil også presentere det på foreldremøtet i september.