Hopp til innhold

haramsøy barnehage

Skrevet av: haramsøy barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Vi tilbyr alle måltida i barnehagen ( frukost,hovudmåltid og ettermiddagsmåltid ) der fokus er bordskikk og sunt kosthald. Frukt og grønsaker serverast til to av måltida. Dei ulike gruppene har kvar sin utedag for veka der barn og vaksne lagar maten ute.Etter å ha deltatt på kurset Fiskesprell prøver vi ut ulike typer fiskerettar. Spennande! I mange år har vi feira bursdagar med frukt og grønt i staden for søte kaker og is. Desse dagane har vi litt andre typer frukter som vi severer på bursdagsfruktfatet vårt.I tillegg får bursdagsbarnet positive tilbakemeldingar frå barn og vaksne om seg sjølv som blir notert og tatt vare på.På denne måten lærer borna å sjå og rose andre. Foreldra har fått pakke med infoskriv og brosjyrer om MER - Barnehage prosjektet. Mange av dei tilsette i barnehagen har tatt e-læringskurset som var informativt og lærerikt.