Hopp til innhold

Langevåg barnehage

Skrevet av: Langevåg barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

For få år sidan hadde vi kaker og søtsaker til alle bursdager i barnehagen. I tillegg hadde ein del av barna søte pålegg og fint brød i matboksen sin. Nokre barn kan lett bli slappe, eller litt overaktive av for mykje sukker. I dag serverer vi alle måltider i barnehagen. Da har vi alltid grovt brød eller rundstykker med sundt pålegg, og av og til varm mat som grønnsaksuppe etc. Vi har oppkuttet frukt/ grønnsaker kvar dag, men når det er bursdag har vi svære fat som vi danderer som det reneste kunstverk av farger og sunnhet. Av og til varmer vi eple med kanel på grua, noe som er veldig stas. Vi har også begynt å bruke oppkuttede eplebiter i havregrauten, og melon/ jordbær med yoghurt har blitt populært. Raspa gulrot er også godt å ha i deiga når ein skal lage rundstykker. Av og til har vi også oppkutta grønsaker med dip. Vi ser at når det blir kutta opp, og ligg fristande på fat - er det dei aller fleste barna som smakar og liker det meste. Foreldra kan ofte seie at barna ikkje vil ha frukt og grønt heime, men vi ser oftast at alle eter i barnehagen. Dei fleste har sine favorittar, men smakar også anna. Vi har også oppkutta agurk, tomat og paprika til alle brødmåltider. Vi ser at tilbakemeldingane frå foreldra er positive. Når dei barna som et lite til dagleg, får seg eit stykke frukt - blir det som ein apetittvekkar for å også få i seg litt korn etterpå. Når barna et, vert dei vaksne fornøgde, og barna får meir energi - ein riktig så god sirkel.