Hopp til innhold

Årøyhaugen barnehage

Skrevet av: Årøyhaugen barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

No har vi vore MER-Barnehage nokre månader og fått prøvd ut ulike måtar å servere frukt og grønt. Vi har vore på "epleslang" og plukka frukt - etterpå laga vi fruktsalat og eplekake.Då kom epledelerane godt med. Vi har vore i butikken og handla grønnsaker til grønnsakssuppe.Dette er ein populær aktivitet særleg på utegruppa - her kokkelerar vi på bål eller stormkjøkken. Og all mat smakar betre utandørs :) Og vi kan tilby fruktfat på bursdagar eller dei kan vere med å lage fruktspyd - kjempe spanande. MER-forklea er i bruk og vi spelar frukt og grønt lotto nesten kvar dag. Frukt og grønt oppdelt i små bitar - gir større rom for å prøve ut ulike smakar. Barna et meir frukt når dei får den delikat servert - oppdelt i små bitar ,fint lagt på fat. Kva med å ta i bruk ein stavmiksar eller blender - fruktmos til dei minste- eller fruktsmoothie til dei eldste. Mmmmm kjempegodt. Og ein god idè når frukta byrjar bli vel moden.