Hopp til innhold

Bergetippen barnehage

Skrevet av: Bergetippen barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Vi er ein barnehage som serverer sjølvlaga fruktfat eller fruktsalat til bursdagar på småbarnsavdelingane, og sjølvlaga smoothie på storbarn. Barnet har gjerne med seg ein ven eller to - og ein vaksen - når vi lagar smoothien. Kjempegodt og kjempekjekt! Kvar dag har vi fruktmåltid i 14-tida. Mange treng matpakke i tillegg, ettersom det for mange kan vere lenge til middag. Men barnehagen serverer alltid frukt og grønt til dette måltidet. Menyen til fruktmåltidet varierar etter årstidene, men på småbarnsavdeling ein dag konkluderte vi med at epla representerte tre variantar den dagen: Eple med skal, eple utan skal og berre epleskal. (I tillegg hadde vi annan frukt, også.) På skivene til lunsj har vi sunne pålegg, og sjølvsagt litt agurk, paprika og anna godt som høver til. Har vi rikeleg med banan eller eple skjær vi opp og har det på skiva. Vi har varmmat ein gong i veka, og lagar då ofte fiskemat. På kurs med "fiskesprell" har vi lært ein del om å lage freistande fiskemat med og til barna. - Og då høyrer sjølvsagt grønsakene med! Småbarnsavdelingane har prøvd ei stund med 4 varme lunsjmåltid i veka, og då serverer vi gjerne meir grønsaker i løpet av ei veke enn når vi hadde mest brødskiver. Vi har bytta leverandør av frukt, og er veldig godt nøgd med den nye leverandøren. Fine varer og god variasjon! Matriellet vi fekk til foreldra er delt ut, og plakatane heng på veggane våre. Dette er ei god hjelp for oss til å minne foreldra om eit godt kosthald. Som med mykje anna er barna det beste "politi". Når vi lærer dei kva grønsakene heiter, og lar dei få smake på det, - er det ein god sjanse for at dei etterspør det heime også. Barna har sett potet og planta sukkererter no, og vi er veldig spent på resultatet. Og på festane våre (sommarfest, byggefest,...) står det sjølvsagt oppskåren frukt og/eller fruktsalat på bordet. Vi håper barna ber med seg vidare at frukt og grønt er ein sjølvsagt del av kosthaldet, - både til kvardag og fest.