Hopp til innhold

Mork barnehage Volda

Skrevet av: Mork barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Mork barnehage har i år mat og helse som fokusområde. Vi har ein fast dag i veka der vi lagar mat av ulike slag,tilknytt årstider, høgtider og andre tema som vi arbeider med.I haust har fokuset vore på bær,frukt og grønnsaker der barna har fått erfaring med ulike typer frukt og grønnt. Vi har i denne prosessen fokusert på bruk av sansane i alle ledd.Gjennom matlaging får barna muligheit til å bli kjent med sansane sine og trene opp språket for å kunne uttrykke det dei opplever. Dei vågar å prøve nye matvarer og mattrettar og dei lærer å ete meir variert og sunnt.Det at barna sjølve får sette ord på korleis dei opplever at maten smakar er med på å gjer dei meir bevist på kva dei puttar i munnen. I haust har vi vore i skogen å plukka blåbær, i hagen å plukka rips, dette har vi laga vår egen saft av. Vi har en liten grønnsakshage der vi dyrar våre eigne poteter,rabarbra,grassløk,reddikar m.m. dette er råvarer vi tek inn i matlaging saman med barna.