Hopp til innhold

Kulur Bratteberg barnehage

Skrevet av: Kulur Bratteberg barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

I barnehagen våra legg vi stor vekt på å ha friske grønsaker og frukt kvar dag. Vi serverar agurk, paprika og tomatar til minimum eit måltid pr.dag. Desse får barna ofte vere med på å kutte opp. Vi har frukt til kvart 2.måltid. Her prøvar vi å variere tilboda slik at barna får litt å velje i. Det er viktig å lage til fruktfatet på ein fin måte slik at barna synes det ser godt ut. Vi har hengt opp plakatane med bilder av frukt og grønsaker på. Desse snakkar vi om dagleg og vi ser at barna intresserar seg for dei. I haust hadde vi tema om "meg sjølv" der vi la ekstra vekt på kroppens behov for sunn og næringsrik mat. Vi tok barna med på bærturar og dei fekk lage heimelaga sylte. I barnehagen har vi planta sukkererter som barna fekk plukke av sjølve. Mons og Mona bøkene har vi lest for barna, men vi har enda ikkje sendt dei med barna heim fordi vi vil at kvar enkelt skal få eit "eigarforhold" til dei først. Bøkene falt godt i smak hos dei fleste. Frukt- og grønsakslottoen er også i bruk hos oss. Vi har eit rom i barnehagen som barna får leike kafe på. Her har vi frukt og grønsaker i plastikk. Desse er i bruk kvar dag.