Hopp til innhold

Velledalen naturbarnehage SA

Skrevet av: Velledalen naturbarnehage SA | Sist oppdatert 24.02.2016 | Publisert 24.02.2016

Velledalen naturbarnehage har eigen grønsakshage. Vi skal frå våren 2015 også plante frukt og bærtre. I august og september hausta vi inn alle dei gode grønsakene vi sådde, sette og planta i vår. Vi har også vore så heldige å få plukke ripsbær som vi har laga nydeleg ripssyltetøy av. Epler har vi og fått hausta hjå besteforeldre til barn i barnehagen. I august arrangerte barnehagen i samarbeid med FRAIVA og INTEMPO kosthaldsforedrag med Berit Norstrand. Her deltok heile personalet og også ein heil del foreldre frå barnehagen deltok. Barnehagen serverer grønsaker og/eller frukt til alle måltid i barnehagen. Vi er inspirerte av Berit Norstrand i matlaginga. Uteavdelinga Råna har laga eiga kokebok, og vi prøver å la barna vere delaktige i kutting av frukt og grønt. Barnehagen serverer varmmat minst ein gong for veka.