Hopp til innhold

Vaksvik Barnehage

Skrevet av: Vaksvik Barnehage | Sist oppdatert 24.02.2016 | Publisert 24.02.2016

Vi serverer grønsaker og frukt til alle lunsj og ettermiddagsmåltider i barnehagen. Dei får lov til å ete berre grønsaker ved sidan av brødskiva, slik at dei lærer seg å like forskjellige grønsaker. Vi har eige fruktmåltid, der vi òg har grønsaker på menyen. Ein til to dagar har vi varmmat på avdelingane, og desse inneheld grønsaker.Når nokon har bursdag får dei velje eit varmt måltid i barnehagen, sjølvsagt med grønsaker.På våren sår vi frø, og haustar ulike bær og grønsaker på hausten. Vi har delt ut brosjyrer og bøker til foreldra, hengt opp plakater og bruker opplegget med dei eldsta barna. Foreldra er òg flinke til å sende med barna frukt og grønt i matboksen til frukosten.