Hopp til innhold

Tandstad barnehage

Skrevet av: Tandstad barnehage | Sist oppdatert 24.02.2016 | Publisert 24.02.2016

Tandstad barnehage er ein to avdelingsbarnehage i Sykkylven kommune. Vi har ei stor- og ei småbarnsavdeling. Barna har med seg matboks til frukost, elles blir det servert lunsj og fruktmåltid i barnehagen. Ved lunsj måltidet er det vanleg at det blir servert grønsaker ved dei ulike borda. Av og til skjere vi opp frukt som barna kan forsyne seg av. Ved fruktmåltidet på ettermiddagen, koser vi oss med fleire sortar frukt. Vi er bevisste på og variere tilbodet på frukt og grønt, og vi ser at barna tør og prøve nye sortar. Det er mange år sidan vi hadde kake til barna sine bursdagsfeiringer. Når vi feirer bursdag i barnehagen vår, har barna "sunne" alternativ å velge mellom. Deriblant fruktsalat eller grønsaker m/dip. Dette er populært. Om hausten bruker vi å invitere 1.klassingane ved Tandstad skule på besøk. Flesteparten av disse elevane har tidlegare vore barnehagebarn hos oss. Dei leiker saman med oss og et lunsj i lag med oss. Då bruker vi å servere grønsakssuppe. Førskulegruppa er kokkane. Barnehagen har fått nokre store traktordekk i barnehagen. Nokre leiker vi oss med, men vi har også ein plan om å bruke eit eller to til å dyrke grønsaker i. Det kan bli spennande.