Hopp til innhold

Leikanger barnehage

Skrevet av: Leikanger barnehage | Sist oppdatert 24.02.2016 | Publisert 24.02.2016

Leikanger barnehage er ein liten barnehage med 22 born i alderen 1-5 år. I haust hadde vi ynskje om å jobbe ekstra med frukt og grønt og vi melde oss derfor på som 5 om dagen barnehage. Dette har vore til inspirasjon for både store og små. S. Vi serverer alltid agurk og tomat til lunchmåltidet. Innimellom har vi også oppskorne banan eller anna frukt. Om lag kvar 3. veke har vi ein dag med varm-mat til lunch. Då har vi alltid grønnsaker eller salat som ein del av tilbehøret. Det kan t.d. vere fiskekaker med pitabrød og salat eller kjøttkaker med brun saus, poteter og gulrøtter. I haust har vi lese dei kjekke bøkene om Mons og Mona. Etter at vi las bøkene om Mons og Mona som handler mat og lager grønnsakssuppe, var 3-, 4- og 5-åringane heime hjå styraren og tok opp poteter og deretter laga vi brennsnut som er grønnsakssuppe med pølser (kjøt) i. Borna var med å skjere opp grønnsakene. Det er viktig at borna er med på å lage maten, då det inspirerer til å smake på den. Etter at vi las boka om Mons og Mona på godtejakt, laga vi smoothie til fruktmåltidet. Det har vi ikkje gjort før, og det var kjempepopulært. Vi hadde også samlingar der vi hadde kjøpt inn ulike frukt og grønnsaker som borna fekk smake på. Vi la då vekt på å ha både kjende og mindre kjende frukter. Kvar ettermiddag har vi eit fruktmåltid der vi skjer opp ulike typer frukt som borna får forsyne seg med. I år har det vore mykje bær i skogen, så når vi har vore på tur, har vi plukka ein del blåbær og tyttebær. Vi har også hatt med vaniljesaus slik at borna fekk blåbær med vaniljesaus til dessert etter luncmåltidet ute i gapahuken. Lottospelet som vi fekk, er veldig populært og vert mykje nytta. Borna likar også fargeleggingsarket, dei ser på den store plakaten og prøver å fargelegge etter den. P. Når borna har fødselsdag, får dei velge mellom 3 ulike ting som dei skal ha til ettermiddagsmåltidet: vaffler med sylte, fruktspyd eller kjeks med ost og druer. Det er mange som vel fruktspyd og då kjem dei ofte med ynskje om ei spesiell frukt som dei vil ha med. Grove kjeks med masse druer er også populært. I. På foreldremøtet i haust delte vi ut brosjyre til foreldra og vi snakka om at vi har frukt å grønt som satsingsområde og vi ser at mest alle borna har med frukt eller grønt til frukosten. (dei som et frukost i barnehagen, har med mat heimanfrå). Dette har ikkje vore så vanleg før. E-læringskurs for dei tilsette har vi ikkje hatt. Takk for inspirerande materiell! det har vore til god hjelp for oss!