Hopp til innhold

Lauvstad barnehage

Skrevet av: Lauvstad barnehage | Sist oppdatert 24.02.2016 | Publisert 24.02.2016

Rapport frå Lauvstad barnehage haust 2015: FORELDREMØTE: Vi har no deltatt i prosjektet "5 om dagen" sidan i haust. I oppstarten informerte vi på foreldremøte om det å vere ein 5-om dagen barnehage. Å vere ein medspelar ilag med foreldre til å påverke kosthaldet i retning av meir grovt, meir frukt og grønt, mindre sukker og meir fisk er nokre av våre målsettingar slik anbefalingane er. BORNA SOM MEDSPELARAR: Vi introduserte prosjektet med 2 veker i haust der vi sette fokus på materiellet vi fekk tilsendt, delte ut til borna slik at dei fekk vise det heime. (Slik blir borna medansvarlige) Vi har vidare innført ei norm om at vi kvar dag skal tilby borna 5 ulike frukt/grønsaker. Det er alltid grønsaker på lunchmåltidet og til fruktmåltidet. På tur har vi alltid med boks med grønsaker. Vi innførte ein bordregel ilag med borna om at vi ikkje skal seie "likar ikkje" eller "æsj", heller seie "nei, takk". Det er lurt å smake på noko nytt :-) BURSDAGFEIRING: Ilag med foreldre og born har vi utarbeidd ein bursdagmeny med 2 fruktalternativ. I tillegg vil vi innføre ein "liten fruktfest" ein gong i mnd der vi tilbyd frukt og grønsakbuffèt til fruktmåltidet. Borna får forsyne seg sjølv. HAGE/ÅKER: På uteområdet vårt har vi gjennom fleire år opparbeidd oss mange ulikefrukttre, bærtre. I år har vi i tillegg laga åker der born og vaksne har sådd og hausta mykje forskjellig: potet, gulrot, nepe, rosenkål, purre, ulike urter, sukkerert og salatar. Sådd i karmar. IKT-prosjekt: "Ligg stille og gro" (eit eventyr om ei potetmamma og kva potetene ville bli når dei vart store) Dette blei til ein film. I januar 2016 vil alle i personalet ta e-kurset. mvh Lauvstad barnehage v/Evy Ulvestad