Hopp til innhold

Lesjaskog Barnehage

Skrevet av: Lesjaskog Barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Det blir servert oppskåre frukt og grønsakar to gonger kvar dag. Det er alltid ulike slag på fatet, slik at alle finn noko dei likar. Barna gler seg over fruktfatet, og det er lett å få barna til å smake noko nytt. Viss det av ulike årsakar kan gå lenger enn normalt mellom måltid, får barna litt frukt. Til å styrke seg på tilbake til barnehagen etter besøk i gymsalen på skulen, tek vi med litt frukt. Det er ein fin aktivitet for også dei minste barna, å vere med å lage til fruktsalat. Det er veldig populært! Det inspirerar også personalet til å lage fruktsalat til familien sin! Vi brukar kokte grønsaker i aspic, ein av rettane til julefrukosten vår. Det er også noko som er lett for dei minste å vere med på.