Hopp til innhold

Lomen barnehage

Skrevet av: Lomen barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Frukt og grønt i Lomen barnehage Vi har alltid hatt frukt eller grønt i barnehagen kvar dag, men etter at vi mottok frukt og grønt-pakka, har vi fått større fokus på temaet, og økt mengda frukt og grønt. Vi varierar også i større grad en vi gjorde tidligare. Vi har innført frukt også til hovedmåltidet, som er lunsjen. Lunsjen består stort sett av brød og pålegg, og eitt varmt måltid kvar veke. På slutten av måltidet, får borna eitt eller to slag frukt eller grønsaker. Dette er veldig populært hos borna, og det er moro å sjå at borna vil smake på ulike frukter som dei ikkje har fått tidigare. Vi brukar plakatane med bilete av frukt og grønt aktivt, og ser kva slags frukt vi smakar på. Kvar ettermiddag har vi eitt måltid med grove knekkebrød og frukt. Her får borna så mykje frukt dei ynskjer, og vi varierar med frukt og grønsaker. Vi har og variert med fruktbitar, eller fruktsalat. Vi har også laga smoothie, som er veldig populært. På varmmat-måltidet ein gong i veka, har vi fått større fokus på å ta med borna på matlaginga. Her brukar vi mykje ferske grønsaker. På sumaren har vi skogen rett utanfor gjerdet, med mykje gode bær. Dette vil vi benytte oss mykje av i dei periodane det er sesong for det. Takk for alt matriell og utstyr som var med i pakka!