Hopp til innhold

Økernly barnehage

Skrevet av: Økernly barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Her i Økernly barnehage serverer me tre måltid per dag, som alle inneheld frukt og/eller grønsaker. Til frukost og lunsj har me som oftast brødmat, og då serverer me oppdelte grønnsaker som til dømes, paprika, agurk, tomat, sukkererter, gulrot, vårløk, reddikar og kålrot. Av og til har me havregryn og mjølk eller havregraut, og serverar då oppdelt frukt som eple, pære eller banan som ungane kan ha oppi, i tillegg til rosiner,mandlar og kanel. Ein gong i veka har me varm lunsj, som vert laga frå botn av og som alltid inneheld mykje grønsaker. Me serverar gjerne vegetarrettar, som til dømes linsesuppe, vegetarlapskaus med kikerter, heimelaga blomkålsuppe og tomatsuppe, eller lasagne med grønsaker og linser. Når me har kjøt- og fiskerettar har me anten mykje grønsaker i maten, eller me serverar rå eller kokte grønsaker i skåler ved sidan av. Salatbuffet er populært, og kan til dømes innehalda riven gulrot, riven kålrot, hummus, salatblad, mais, agurk, tomat, paprika, tunfisk, løk, bønner, yoghurt/kesamdressing, kokte egg, raspa ost, kylling, skinke, grove pitabrød eller rundstykker. Til mellommåltidet halv tre tek borna med seg frukt/grønsaker/bær som me samlar i ein boks og har felles, så lagar me til fruktfat eller skåler med ulike frukt. Dette fungerar kjempebra, då foreldra er ganske flinke til å variera. Nokre gonger hopar det seg imidlertid opp med epler, då deler me dei opp i bitar og strør kanel på for litt variasjon, og av og til lagar me smoothie eller fruktsalat. I tillegg serverar me litt brød, knekkebrød eller havregryn for at det skal bli eit fullverdig måltid. Ved gebursdagar så kan borna ha med seg sunne alternativ om dei vil, som litt ekstra god frukt/bær, yoghurt, smoothieis, ingrediensar til smoothie, grove pizzasnurrar eller matmuffins. Ellers så serverar me fine fruktfat, lagar fruktspyd eller kanskje grove vafler eller pannekaker. Me passar òg på å ta med frukt eller grønsakar når me er på tur, for eksempel sukkererter og gulrotstavar, eller nokre epler. I tillegg så har me i vår sådd våre eigne grønsaker; gulrøter, sukkererter og reddikar :) Ikkje alle dei tilsette har teke e-læringskurset enda, så utfordringane våre framover vil bli å få alle dei tilsette til å ta kurset, informera foreldre om grøn satsing, og å halda fram med å servera frukt og/eller grønsaker til alle måltid :)