Hopp til innhold

suldal barnehage, avdeling nesflaten

Skrevet av: Suldal barnehage, avdeling Nesflaten | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Me serverer oppkutta grønsaker mellom frukost og lunsj, då byrjar barna å bli svultne, så det er lett å få dei til å knaska på rå grønsaker. Til lunsj har me oftast brødmåltid, då er det helst agurk og tomater som blir nytta av grønsaker, men dei gongene me har pizza eller gryteretter serverer me dei saman med grønsaker. Me serverer oppkutta frukt mellom lunsj og ettermiddagsmat. Når me går over i det nye barnehageåret vil me servera fruktfat i staden for is ved fødselsdagsfeiringane. Alle tilsette har gått gjennom e-læringskurset dykkar, og me har hengt opp kursbevisa på oppslagstavla for å markera at me er ein MER-barnehage. Me har opplyst foreldra om MER-satsinga gjennom månadsbrev.