Hopp til innhold

Joagarden barnehage

Skrevet av: Joagarden barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Det er fleire år sidan me reduserte sukkerforbruket i barnehagen. Me har hatt fruktfest til fødselsdagane i fleire år, og det er ingen som spør etter kaker eller is. Det er jo mykje vakrare med fargerike fruktar! Kvar dag har me oppkutta frukt og grønt. Me serverer ikkje syltetøy, men har ikkje klart å kutta ut prim. Men det er jo betre enn å ha begge deler :) Mellom måltida drikk me sjølsagt vatn. Saft er omtrent heilt ute. Det serverer me kanskje 3-4 gonger pr. år. Men då nyttar me solbærsirup :) Om vintrane brukar me ofte kakao, og då har me variert med å bruka fruktose i staden for sukker. Me saknar ikkje søtsaker :-D