Hopp til innhold

Suldal barnehage, avdeling Kjølvikstølen

Skrevet av: Suldal barnehage, avdeling Kjølvikstølen | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Interessen for å engasjere seg meir om frukt og grønt i barnehagen, men og mat generelt, fekk eit verkeleg oppsving hjå oss då to stk var på kurs i haust og fekk høyra om prosjektet "fra åker, eng og hager til småbarnas mager" som dei har gjennomført i Karmøy kommune. Me har lenge vore opptekne av å servera frukt og grønt til borna, både til kvardags og til bursdagar. Til kvardags går det i tomat, agurk og paprika til brødmåltidet og til ettermiddagsmaten er det varierte frukter og grønnsaker.t.d. epler, appelsiner, bananer, pærer, gulrot og kålrabi. Til bursdagsfeiring vert det bestilt frukt som er bestemt av bursdagsbarnet sjølv, og då ender me opp med litt anna frukt i forhold til det me har til dagleg,som druer, ananas, melon o.l. Dette vert kutta opp i bitar og lagt på store serveringsfat som bursdagsbarnet er med og serverer til dei andre. Dei gongene me har varmt måltid i barnehagen, er borna alltid med og lagar mat og det er sjelden me serverer eit måltid uten grønnsaker til! Etter at me bestemte oss for å bli mer-ambassadørar, har me på personalmøte snakka om korleis me skal jobba med dette framover , styraren har informert om e-læringskurset(sidan ho er den einaste som har tatt det endå)me har hengt opp plakatane med frukt og grønt me har fått tilsendt, (dei heng lett tilgjengeleg i barnehøgde på kjøkkenet), foreldrene har fått informasjon heim om kva det vil innebæra å vera mer-ambassadør og dei har fått utdelt små brosjyrar. Me snakka om det å satsa på sunn og variert mat på foreldremøte i haust, og dei var alle einige i at det er viktig det me gjer i barnehagen, og me får masse skryt når borna er med å lagar mat eller bakar ulike ting som dei får med seg heim så foreldra kan få smake!