Hopp til innhold

Ombo barnehage

Skrevet av: Ombo barnehage | Sist oppdatert 24.02.2016 | Publisert 24.02.2016

Me har fruktmåltid kvar dag klokka 14, då prøver me å finne nye frukter som barna kan smake på. Me har også hengt opp plakatane me fekk på kjøkkenet, slik at dei kan bli eit naturleg samtaleemne. Ein gang i veka har me varmmåltid, då har me alltid med masse grønnsaker. Ofte tilbyr me også frukt og grønt til lunsjen. Me har hatt store endringar i personalgruppa denne hausten, og barnegruppa har også blitt veldig stor. Dette gjer at me ikkje har fått moglegheit til å ha så mykje fokus på dette ennå i år, men me jobber med det. To av dei ansatte i barnehagen har også vore på fiskesprellkurs, og vil spre denne kunnskapen vidare til barn og vaksne i barnehagen.