Hopp til innhold

Holvik barnehage

Skrevet av: Holvik barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Holvik barnehage har dei siste åra arbeidd for å få eit sunnare kosthald i barnehagen. Vi lagar mat i barnehagen to gongar per månad og fokuserar her på sunn mat, t.d fiskeburgerar, grove rundstykker, grønsakssuppe og tomatsuppe. Vi fokuserar på ro og trivsel rundt matbordet. Vi sit i små grupper der kvar vaksen har ansvaret for seks barn. Vi tenner stearinlys og dempar taklyset. Vi har minimum ein halv time til hovedmåltidet. Barna har med eigen mat og får melk til lunsjen. Etter lunsj får barna oppskorne grønsaker. Til måltidet på ettermiddagen et dei resten av nista eller får grove knekkebrød og i tillegg serverar vi oppkutta frukt. Yoghurt har vi ikkje hatt i barnehagen på to år. Når barna feirar bursdag har dei valget mellom å lage fruktspyd, fruktsalat, "flykrasj" (makaroni og tomatsaus) eller grønsakspizza i staden for kake og gele. Dei har i tillegg si eiga bursdagssamling som dei planlegg sjølve ilag med primærkontakta, der dei får bursdagspresang og bursdagskrone. Vi brukar å dekke på bordet med fin duk, lys på bordet og eige servise til bursdagsbarnet. Vi har informert foreldra om MER-satsinga til barnehagen gjennom brev heim, dette gjorde vi på grunn av at det snart er jul og det vart vanskeleg å halde foreldremøte i ei travel førjulstid. Vi vil ta opp att MER-satsinga på foreldremøte etter nyttår. Pedagogisk leiar har informert resten av personalet om MER satsinga på personalmøte og vi har begynt med e-læringskurset. Ein av dei ansatte har allereie fullført. I tillegg har ein av dei ansatte gjennomført eit dagskurs i dei nye retningslinjene for matlaging i barnehagen.