Hopp til innhold

Hardbakke Barnehage

Skrevet av: Hardbakke Barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Dette har vore eit spennande prosjekt i heile barnehagen. Ei satsing på eit bedre kosthald har me heldt på med lenge, no fekk me litt dra hjelp! Me serverer no grønt til kvart måltid i barnehagen og fruktmåltidet i enden av dagen har vorte meir interessant for alle. Her er det fleire typar frukt enn vanleg, og barna eksperimenterer og prøver litt meir no enn før. Spesielt på småbarnsavdelingen har dei oppdaga nye smakar - det har vore kjempespennande. Når barna har bursdag har me laga plakatar som heng på døra der alle barna vert invitert til fruktfest. Ein fargerik plakat som fortel kven som har bursdag, kor mange år dei vert og at det skal vere fruktfest på avdelingen. Me har laga fruktspyd, smoothies, fruktsalat etc. Smoothies er nok det mest populære!! Sidan me endå ikkje har hatt foreldremøte har me informert foreldra skriftleg og tilbakemeldingane til barnehagen har vore kjempegode. Mer frukt vil verte eit tema på foreldremøte i mai. Dei ansatte er alle snart ferdig med e-læringskurset og kursbevisa har me hengt opp i barnehagen. Dette for å kunne dokumentere at me tar det på alvor og for å vise at alle dei vaksne er interessert og villige til å delta i denne satsinga. Me gleder oss til å vere med vidare ! Helsing store og små ved Hardbakke Barnehage