Hopp til innhold

Vereide barnehage

Skrevet av: Vereide barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Rapport MER-barnehage frå Vereide barnehage : Hausten er ei fin tid å satse på meir frukt og grønt i barnehagen! So no er vi godt i gang! På halvårsplanen er frukt, bær og grønsaker tema. Vi haustar, smakar, formar, syng, lagar mat og kosar oss med alt vi kan putte i munnen! Vi i Vereide barnehage har vore opptekne av sunt kosthald i mange år. For 3 – 4 år sidan tok vi ”eit oppgjer med bursdagskaka”, og oppmuntra foreldra til å sende med sunnare alternativ(sjå under). Vi har så å seie slutta å servere saft, og har sagt til foreldra at vi ikkje ynskjer yoghurt i barnehagen. Nesten heile personalet har teke e-læringskurs og blitt MEIR-ambassadørar. På foreldremøte i september var ”Frukt og grønt i barnehagen” tema, der vi hadde ein dialog med foreldra om sunn og riktig mat for barn. Foreldra fekk i oppgåve å lage fristande og fargerike frukt- og grøntfat! Det vart kjekt å gå saman i grupper og få idear frå kvarandre, og resultatet vart mange spennande , fantasifulle og smakfulle frukt –og grøntfat! Ein god ide` som andre kan prøve! Når det gjeld servering av frukt og grønt til måltida, har vi endra litt på opplegget. Tidlegare serverte vi som oftast pære, appelsin, eple, banan og gulrot, to gongar om dagen. Etter at vi tok e-læringskurset, ser vi viktigheita av å servere meir GRØNSAKER, og det er blitt veldig populært med blomkål, kålrot, agurk, grøn salat. I tillegg prøvar vi ut nye smakar som grapefrukt, ananas, mango, mai-nepe, m.m. Og mange av barna syns det er spennande å sjå, lukte og smake på nye frukter og grønsaker! No serverar vi frukt og grønt 3 gongar om dagen, til samlinga kl 9.30, samt til begge måltida. Og ofte er det ordensbarn med hjelparar som skjær opp og lagar til frukt/grøntfatet. For oss er det litt vanskeleg å praktisere Fruktfest når det er bursdag, for det er foreldra som sender med mat. Men dei siste åra har vi oppmuntra foreldra til å sende med sunn mat når barnet skal feirast. Og foreldra har vore utruleg flinke ; suppe, gryterett, graut, bringebær med saus, fruktspidd, og fiskeburger er noko av det vi har kosa oss med! Og sjølvsagt er vi spente på å sjå om vi får enno meir frukt og grønt på bursdagane etter temaet vi hadde på foreldremøtet… Når det er bursdagsfest i barnehagen har vi mykje fokus på barnet – seier fine ting til den som har bursdag, dei få velje ei kostyme og drikke og ete av gullfat og –kopp. Og det er veldig stas for barnet å velje med seg nokon andre barn som får vere med å lage til bursdagsmaten. Til slutt må vi berre oppmuntre andre barnehagar til å tenkje sunt når det gjeld turmat. Vi er mykje ute på tur, og lagar ofte mat over bål eller stormkjøken. Før var det ”grillpølsa som regjerte”, men dei siste åra har vi prøvt ut mykje spennande og god turmat. Kva med tur-pannekaker, grønsakssuppe, blomkålsuppe, fiskeburger, fiskepinnar, fiskepudding-figurar, eller havregraut? Beste helsing personalet i Vereide barnehage.