Hopp til innhold

Ålhus barnehage

Skrevet av: Ålhus barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Heisann:) Dette var eit spennande prosjekt! Vi i Ålhus barnehage er heilt i startfasen av SPIRE. Frå før av har vi alltid oppkutta grønt til hovudmåltidet, og varierar med banan og eple til å ha på skivene/rundstykkene med pålegg. ungane er flinke til å komme på kombinasjonar! Planen er å variere endå meir. Appelsinskiver er veldig godt på ost f.eks. Og melon på skinke. Eple på brunost osv... Seinare på dagen har vi "frukt", dvs oppkutta frukt(og av og til grønt, som gulrot, paprika,tomat) og knekkebrød/flatbrød. Her skal vi prøve ut fleire sortar, f.eks. kålrot, brokkoli, blomkål. Det er lenge sidan vi bestemte oss for å kutte ut klassiske søte ting til bursdagsfeiring. Av og til har vi har varme rettar, som har blitt godt mottatt av ungane. Vi har prøvd fruktsalat, men det var dei litt "lei" av. Derfor passa det veldig godt med inspirasjon og idèar frå "fruktfest". Her skal vi prøve ut mykje. Førstemann ut blir nok grillspyd med eksotiske frukter. Informasjon til foreldre om MER-prosjektet vil bli hengt opp på oppslagstavla. Og vi vil fortelle underveis kva vi gjer i det månadlege skrivet som går ut til alle foreldrene. Det vil bli tema(inkl idédugnad) på personalmøte. Og selvfølgelig skal alle ansatte gjennom E-læringskurset!