Hopp til innhold

Dalvegen barnehage

Skrevet av: Dalvegen barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Vi er ein barnehage med 33 barn i alderen 1 - 5 år. Vi starta på "Mer - barnehageprosjektet" i januar 09. Vi serverer no grønsaker/frukt til alle måltid i barnehagen. I tillegg har vi utarbeidd ein meny for måltida vi serverer gjennom året. Den skal sikre at måltida våre inneheld mat frå alle dei 3 matvaregruppene som sosial- og helsedirektoratet anbefalar. Vi har informert foreldra gjennom møte i samarbeidsutvalet og via heimesida vår. Til hausten vil vi informere om fruktfestordninga på felles foreldremøte. I mellomtida oppfordrar vi dei enkelte foreldra til å bidra med sunne matvarer når dei skal ta med mat til feiring av barnet sin bursdag. Her anbefaler vi frukt. Personalet har fått informasjon på fagmøta våre. Dei fleste i personalgruppa har gjennomført e-læringskurset. Personalgruppa har vært frivilleg testpanel for påstanden om at: Ein må smake nye matsortar 7 - 10 gongar før ganen opplever smaken som kjent, slik at vi kan venne oss til denne, og like den. Vi har valt ulike sortar mat slik som; Blomkål, Oliven, Selleri, Gammalost, Tunfisk i olje og kaffi. Vi testar maten i samlingane vi har med barnegruppa. Vi registreret kva vi synes om smaksprøvene frå gong til gong, på whiteboard tavla vår. Her brukar vi "smileys - karakterar" som barna forstår. Dei følger spent med på resultata, og vi håper å inspirere dei til å prøve det ut sjølve. Førskulegrppa vår fekk "heimelekse" der dei skulle registrere kva frukt og grønsaker dei åt heime gjennom ei veke. Dei teikna og skreiv navnet på det dei åt, på eit vekeskjema. Det var meint som ei bevisstgjering for barna, og som ei morosam oppgåve.