Hopp til innhold

Nordsida barnehage

Skrevet av: Nordsida barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

I mange år har vi laga grovt brød i barnehagen. Vi har frukttrær og bær i barnehagen, og i nærleiken. Barna er med å plukke frukt og bær, og dei vert brukte til fruktmåltid og lunsjen. I haust starta vi med å ha ein felleslunsj for alle 30 barn kvar torsdag. Det er alltid 4-5 barn med i matlaging. Der satsar vi på sunn mat med grønsaker og fisk. Vi serverar forskjellige grønsaker og frukt, slik at barna blir vande med nye smaker. Vi prioriterar sesongfrukt og sesonggrønsaker. Foreldra får alltid eit vekebrev, der skal vi no informere om satsinga vår, og om fruktfest. So snart som råd tar alle tilsette i barnehagen e-læringskurset. Vi har vore opptatt av sunn mat hittil. Med å vere med på MER-satsing vert det endå meir struktur over det.