Hopp til innhold

Leirvik barnehage

Skrevet av: Leirvik barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Dette gjer vi kvar dag: kl.11.30: smøremåltid: Påleggsfat innehelder alltid frukt og grønsaker Kl 14: Fruktmåltid: Barna får oppskjært frukt /grønsaker. Har vi restar att frå fruktmåltidet, fryser vi ned restane og lagar smoothie. Info: På foreldremøte i september informerte vi om Mer.frukt, og vi hadde helsesøster som fortalte om ”Små grep er viktig helsefremjing for ditt barn”. Vi hadde pynta flotte frukt/grønnsakfat for å gje inspirasjon til foreldra. Vi oppfordra foreldra til å legge litt frukt og grønt i matboksen til frukosten Vi har varmmåltid 1 gong pr. månad og ved bursdagsfeiring. Barna får velje sjølv t.d taco, fiskekaker, wook, ”skattekiste” (frå fiskesprell) grønnsaksuppe m.m. Vi har eit lite drivhus der vi dyrkar tomatar, agurk og paprika. Vi har kjøkkenhage, der vi dyrkar potetar, sukkererter, nepe, gulrøter, purreløk og reddik. Vi har frukthage med epletre, plommetre og morelltre. Vi har solbærbusker, ripsbærbusker og stikkelsbærbusker. Barna får lov å ete dei slik dei er når dei er modne og noko plukkar vi å lagar syltetøy av. Turar: Vi har faste turdagar og tar då ofte med frukt som ein godbit på turen. Vi skal ta E-læringskurset på planleggingsdag vår 2012, då vil heile personalgruppa delta.