Hopp til innhold

Gaular, Sande barnehage

Skrevet av: Sande barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Vi har lenge vore opptekne eit sunt kosthald og å nytte frukt og grønnsaker. Vi er i tillegg ein fiskesprellbarnehage. Vi har frokostbufe til ungane over tre. Der har vi alltid nyskoren frukt, paprika og agurk og gjerne nokre saltatblad. Ungane under tre år får påsmurde skiver pynta med ulike godsaker. Til lunsjen serverer vi brødmat fire dager i veka, vi har alltid frukt og grønnsaker til den. Fredagane har vi varmmat, då varierer vi etter årstidene og før tradisjonar. Grønnsaksuppe og eplekake om hausten og rabarbra om våren. Favorittgrønnsak for dei små er brokkoli, dei eldste likar best gulrot, men dette varierer sjølvsagt ;) Ein annan favoritt er skattekiste, med fisk og grønnsaker. Då lagar dei si eiga skalttekiste, med det dei likar best og pakkar i folie, så vert det stekt på grillen eller i ovn. Den siste fredagen i månaden feirer vi alle ungane som har hatt bursdag den månaden. (dei tre eldste kulla) Då vel dei sin middagsmeny og inviterer til fest. Vi var godt nøgde då dei valde laks og gulrøtter. Vi har fruktmåltid kvar dag, vi servere med knekkebrød attåt. Der og varierer vi etter dei mest aktuelle fruktane og grønnsakene etter årstida. Vi har avog til yoghurt, eventuellt med havregryn attåt.