Hopp til innhold

Mona barnehage

Skrevet av: Mona barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Hei til Opplysningskontoret for frukt og grønt. Rapport frå 5-om-dagen barnehagen Mona. • Vi leverte ut alle Mons og Mona bøkene saman med informasjon til foreldra. • Barna har fått kopiar av ark med frukt- og grønnsaker som dei skal fargelegge. • Vi har hengt plakatane opp på kvar avdeling. • Puslespel og lotto blir brukt flittig. • Tomat, agurk og paprika blir innkjøpt for å ha på lunsjbordet. (smørje-måltid) • Vi får levert 10 kg eple kvar mandag frå ein lokal fruktdyrkar so lenge han har frukt på lager. • Ulike typar frukt og grønnsaker blir bestilt kvar veke. Vi har m.a prøvd sukkererter, kiwi, ulike typar melonar, gulrot, blomkål og kålrot. • Vi har oppslag i barnehagen der vi har sett opp fleire punkt som går på sunn mat: Vi reduserer bruken av sukker, pølser og youhurt Vi tilbyr frukt 2 gongar om dagen Foreldra kan godt tenke alternativt når det gjeld bursdagsmat Vi brukar sunne råvarer og sukkerfritt pålegg Vi har eiga oppskriftsbok med sunn kost. • På foreldremøtet i haust vart det snakka om kva vi i barnehagen kan gjere for å fremme sunt kosthald og kva foreldra kna gjere. Det kom fram ulike ting, m.a at foreldra kan ta med fruktspyd i staden for sjokoladekake til bursdagsfeiring i barnehagen. • Vi har 2 varme måltid pr månad der barna sjølve får vere med å lage maten. Der er alltid grønnsaker med i det varme måltidet. Vonar denne rapporten viser at vi jobbar mykje med sunt kosthald i vår barnehage. Vi håpar også at vi er med i trekninga om ei stor fruktkorg.