Hopp til innhold

Guddal barnehage

Skrevet av: Guddal barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

I Guddal barnehage har vi gjennom mange år hatt fokus på sunn mat. Gjennom å bli ein 5 om dagen-barnehage, føler vi at vi har forplikta oss i større grad til å gje borna sunne og gode matvanar i barnehagen. Vi serverer i større grad enn tidlegare frukt og grønsaker til lunsj. Vi har som mål å alltid servere minst to ulike grønsaker/frukter til lunsj og fruktmåltid. Vi har utvikla vår eiga brødoppskrift på grovt brød som vi serverer til lunsj. Vi lagar og serverer varmmat minst ein gong i veka, der borna er deltakande i planlegging og gjennomføring av matlaging. Vi gir borna ulike val til mat på bursdagsfeiring, men felles er at matrettane inneheld frukt og grønt, f.eks. fruktspyd, fruktsalat, grønsaksdipp eller grove vafler. På foreldremøte har vi informert om kva 5 om dagen går ut på, og vi har delt ut materiell til foreldra. Dei tilsette har teke e-læringskurset no i haust. Vi gler oss til å halde fram med fokus på sunt kosthald og skal arbeide vidare med utvikling av gode oppskrifter som skal munne ut i vår eiga kokebok.