Hopp til innhold

Årdal Kommune - Ve barnehage

Skrevet av: Ve barnehage | Sist oppdatert 24.02.2016 | Publisert 24.02.2016

S - Me serverar oppkutta frukt og gront som ein del av måltida. Me hadde ein evaluering i august ,og såg på forbetringspotensialet. Me såg at me kunne auka mengden på frukt og grønt, og at variasjon kunne vere større på avdelingane. Såg at det var ein samnheng med vaksne sine vanar, tilgang og kva barnehagen serverte. Det var noko ulikt på avdelingane. Me gjekk i gjennom "Retningslinjer for mat og måltid i barnehagen" frå helsedirektoratet. Me drøfta og justerte "personlege praksisar", oppmot "beste standard" for barnehagen. Barna skal ha tilbud om frukt/grønt ved kvart måltid. Ved innkjøp må ein syta for at det er nok. Personalet skal syta for variasjon. Barnehagen serverar frukost, lunsj, fruktstund og eit fiskemåltid i veka. I haust har ungane vore på blåbærplukking på fjellet, laga syltetøy av multer, plommer og plukka epler. Grønsak-suppe har dei også fått erfaring med å planlegge, lage og smake. Det er ikkje tilgang på gardsbruk her, men dei gjekk i butikken med handleliste. Erfaringane dei får er avhengig av alder. Så langt er me på "god gli" mot fellespraksis, variert tilbud og gode smaksopplevingar for ungane, som også kan gje ei betre helse. Plakatane heng oppe slik, at det er eit godt høve for ungane å vere med å påverke kva dei ynskjer, lære seg navn på frukt og grønt. Me har fått nokre tips i høve til oppkutting til dei minste. Ungane har også god tilgang på vaten til alle måltid. ( melk til lunsj, men også mugger med vaten vert praktisert) P- Me praktiserar ikkje reine fruktfestar, men barna har tilbud om fruktfat ved bursdag. Hjå dei aller minste snakkar me med føresette om kva dei ynskjer for barnet sitt. Me tok dette opp på foreldremøte. Dei ynskjer at barnehagen held fram med denne praksisen. I- Me har informert føresette i e-post og på foreldremøte. Brosjyren og Mons og Moabøkene er delt ut. R- rapposten er skriven her, og er eit godt høve til å sjå kvar ein er no, og om det må gjerast justeringar. Me ser me har eit vekstpotensiale i høve nok kunnskap hjå alle personalet om kva som "eigentleg" er sunt og helsefremjande. Kva frukt innheld mykje sukker etc. Kva grønnsaker innheld gode vitaminer etc. E-læringskurset vert nok neste steg for oss. Det skal me gjennomføra innan desember. E-læringskurs gjennomførast innan desember 2014. Alt i alt har barna fått eit betre tilbod etter me sette fokus på 5-om dagen. - Ine Hillestad Aannevik- Styrar Ve barnehage