Hopp til innhold

Steinhovden barnehage

Skrevet av: Steinhovden barnehage | Sist oppdatert 24.02.2016 | Publisert 24.02.2016

Vi serverer eitt fruktmåltid per dag i barnehagen. Dette i lag med restar frå nistepakken eller med knekkebrød. I vår barnehage har barna med sin eigen niste. Vi snakkar med foreldre om kosthold i oppstartssamtale i barnehagen og som tema på nokre foreldremøter. Ein dag i veka har vi smørjemåltid, der barna sjølv får lage til den maten dei ynskjer. Da er barna med å tilberedar maten sjølv. Det vert sørga for å ha oppkutta grønsaker på alle bord, slik at det er lett tilgjengelig for barna å fylle på med grønsaker til måltidet. Som avslutning på tema o.l lagar innimellom noko godt å ete. Til dømes hadde vi fargefest i barnehagen der vi laga til fruktfat i alle tenkelege fargar. Dei ansatte har tatt(dei siste skal ta det snart) internettkurset. Barna er blitt meir opptatt av frukt og grønt etter vi meldte oss inn. Ordforrådet har blitt større og vi vaksne tenker meir over på kva frukt vi handlar inn og prøvar å variere dette. Hos oss får barna på omgang vere med å tilberede frukta. Ved bursdagfeiringar i barnehagen får barna velje mellom ekstra stort fruktfat, fruktspyd eller smoothie.