Hopp til innhold

Borgund barnehage

Skrevet av: Borgund barnehage | Sist oppdatert 24.02.2016 | Publisert 24.02.2016

Borgund barnehage er ein liten barnehage med 10 barn i alderen 1-5 år. Me informerte om 5-om-dagen på foreldremøte og har lese bøkene om Mons og Mona. Barnehagen har i mange år hatt ein liten kjøkkenhage der me har hatt poteter. Elles varierer me litt kva me har av grønsaker. Me har bl.a. hatt gulrot, salat, reddik, sukkererter og grasløk. Av bær har me nokre jordbærplanter. I tillegg har me solbær- og ripsbusker. Barna har matpakke med heimefrå og barnehagen serverar frukt og grønsaker to gonger pr dag, etter matøkta midt på dagen og om ettermiddagen. I haust hadde me ein dag med mange ulike sortar frukt og grønsaker som me smaka på råe. Dagen etter skar me opp og laga grønsaksuppe med litt pølse oppi. Me har også laga gulrotsuppe. Lottospelet har me brukt mykje. Plakatane har me hengt opp og barna likar godt å sjå på dei ulike sortane. E-læringskurset for dei vaksne har me ikkje hatt.