Hopp til innhold

Høydalsmo Barnehage

Skrevet av: Høydalsmo Barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Hei! Hausten 07 hadde me besøk av Bjørg Harman som arbeidde for Folkehelseprogrammet i Telemark. Ho gav oss inspirasjon til å satse på MER frukt. Me syns me hadde kome litt på veg med å kutte ut søte bursdagsfeiringar men framleis åt barna mykje youghurt til mellommåltida. Det me gjorde i fjor haust var å byrje med å tilby knekkebrød (ryvita er fint for liten og stor) med litt smør på og oppdela frukt til. Vatn å drikke til. Dette fungerar bra hos oss og barna blir passe mette slik at dei har lyst på middag når dei kjem heim!! Det var fint å få epledelaren den blir flittig brukt, spesielt nå når me har så mykje gode norske eple! Me har alltid minst 2 slag frukt og varierar med det den lokale kjøpmannen kan tilby. Barna er også veldig glade i tomat og agurk på brødskiva. Banan, druer og klementiner er også bra pålegg!! Barna verkar fornøgde med maten som blir tilbydd her nå. Skrive november 08