Hopp til innhold

Tussejuv barnehage

Skrevet av: Tussejuv barnehage | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Me serverar oppskjært frukt og grønt til alle barn 1 gong dagleg.Dei 2 barnegruppene med barn i alderen 1-2 år et frukt/grønt rett etter formiddagsmåltidet. Dei 2 barnegruppene med barn i alderen 3-5 år et frukt/grænt som eit lite mellommåltid ca kl. 10.00. Dei har sitt formiddagsmåltid kl. 12.00. Som ein markering av barna sin bursdag blir det laga fruktspyd. Bambuspinnar kjøpt på Nille for en billig penge fungerar kjempefint. Når det er bursdagar passr me på å bestille litt meir eksotisk frukt. Det er kjempepopulært og barna storkosar seg med frukta. På foreldremøte 23.mars informerte me om MER kampanjen og la fram materiellet me fekk frå dykk. Barn og personalet betalar 250 kr. pr.mnd i kostpengar. Det dekker smøremåltid, mjølk og frukt. Personalet har gjerne eit fruktfat ståande på pauserommet. Me bestiller frukt gjennom Bama og får det levert kvar måndag. Dette fungerar veldig bra, men det er veldig synd at frukt skal vera så dyrt. Me er bevisst oss eit sunt kosthold, det er også nedfelt i kommunale planer for undervisningssektoren i Seljord kommune. Det er nå 3 år sidan me bestemte oss for å kutte ut syltetøy som pålegg og vafflar og kaker til bursdagsfering, så eg føler vel eigentleg at me har hatt ein bevisstgjeringsprosess hjå personalet i mange år alt. Venleg helsing Gunhild Sundbø styrar