Hopp til innhold

1.skuledag i samband med kåring av ein heldig 1.klassing og frukt til heile klassa. Samarbeid med Volda Handelsforening

Skrevet av: Folkehelsekoordinator Volda kommune | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Sted

1.skuledag i samband med kåring av ein heldig 1.klassing og frukt til heile klassa. Samarbeid med Volda Handelsforening

Første dag

20.08.2007

Antall dager

10

Antall potensielle kjøpere pr. dag (snitt)

50

Antall solgte totalt

50

Første introduksjon av MERfrukt vart gjort i samband med skulestart 21.august 2007. Volda Handelsforening si kåring av Volda sin heldigaste 1.klassing vart arrangert for tredje gong. Medlemer i Handelsforeninga kårar ein vinnar som får gratis sekk, skulemateriell, sko og klede frå butikkane. I tillegg har alle klassekameratane i årskullet fått bollar, brus og godtepose frå medlemsbutikkane. Då Volda er ein helse- og miljøkommune og partnar med God Helse, Møre og Romsdal fylke, foreslo folkehelsekoordinator at elevane kunne få frukt og drikkeflasker med vatn. Dette vart godt motteke i Handelsforeninga, og saman besøkte vi 1.klassene ved Øyra skule i Volda. 47 elevar og 5 tilsette fekk drikkeflaske med God Helse-logo, og kvart sitt beger med frukt og grønt. Tilbakemeldingane frå elevar, tilsette og foreldre har vore svært gode, så dette samarbeidet vil halde fram neste år.